3.div damer: Stryn - Studentspretten 5-0  (2-0)  
Storsiger til Stryn i årets fyrste heimekamp! 

Stryn sitt damelag slo til med storsiger 5-0 mot nykomar Studentspretten onsdag kveld. Kaisa Wemby starta scoringsshowet allereie etter 8 min og Hedda Vatn Øvreberg sørga for 2-0 etter halvtimen spelt, noko som også var stillinga ved pause.

Det var aldri nokon tvil om kor sigeren skulle ende, og scoringar av debutant Karoline Otterdal (63 min), Hedda igjen (73 min) og Pernille Briksdal (85 min) sørga for ein overbevisande siger.

Stryn har dermed fått ein god start på sesongen og med 4 poeng på to kampar, og møter Kaupanger 2 heime 8.mai i neste kamp.