3.div damer: Stryn - Balestrand  3-2
Fortent siger for damelaget mot Balestrand!

Stryn var det beste laget i denne kampen men holdt likevel på å rote vekk sigeren etter å leie 3-0 tidleg i andre omgong.

Heimelaget tok tak i kampen frå start og la press på gjestane frå Sogn. Med tempo og presisjon og duellstyrke skapte Stryn fleire store målsjanser i første omgong.

Mariell Taraldset og Anja Tomasgård sørga for ei fortent 2-0 leiing til pause, og når Kaisa Wemby heada inn 3-0 tidleg i andre omgong trudde alle at kampen var avgjort. Men Balestrand har toppscorar Anne Aune på laget. Aune har scora 22 av Balestrand sine 29 mål, og med hennar to reduseringar fredag kveld vart det likevel ein spennande avslutning på kampen. 

Men Stryn tok igjen initiativet mot slutten og kontrollerte inn 3 fortente poeng.

Med 3 kampar igjen å spele ligg Stryn no på øvre halvdel av tabellen, og møter topplaga Sogndal og Høyang borte samt Tornado Måløy heime i sesongavslutninga.