Årets lagspelar Fair Play damer: Mariell Taraldset
Kriterier for lagspelar/Fair Play-prisen er mellom anna godt treningsoppmøte, gode haldningar og verdiar samt evnen til å setje klubben og lagkameratane foran seg sjølv.

Honndalsjenta Mariell Taraldset har vist alle desse kvalitetane og vart fortent vinnar av prisen blant damespelarane. I tillegg til pokalen mottok ho også ein gavesjekk på kr 1.000 frå vår sponsor PreTre AS!