Årets Sparebanken Vest-talent damer: Karoline Nordheim Otterdal
Det er mange unge lovande fotballspelarar i Stryn for tida, både jenter og gutar. 

Ei av våre unge jentespelarar som verkeleg har teke steget opp til damelaget denne sesongen er Karoline Nordheim Otterdal. Ho har vore ein viktig bidragsytar til lagets gode haustsesong, og for dette vart ho belønna med prisen som årets unge spelar for damer i klubben.

I tillegg til pokal mottok ho ein gåvesjekk på kr 5.000 frå vår Hovudsponsor Sparebanken Vest!