Årets spelar damer - Astrid Bjørke
Astrid kom til Stryn frå Eid sommaren 2015 og har sidan dette vore fast inventar på damelaget vårt.

Ho er ein allsidig spelar som kan nyttast overalt på bana, også som keeper om det trengs. På fotballfesten i år vart ho av spelarane sjølve kåra til Årets spelar og kunne motta pokal og gåvesjekk på kr 6.000 frå vår Hovudsponsor Ytre-Eide Sport 1!