Årets spelar herrer - Justas Busmic
Justas kom til Stryn frå Litauen sommaren 2013, og den hardtarbeidande backen nærmar seg no 100 kampar for Stryn.

Lagkameratane frå herrelaget hadde sjølve stemt Justas fram som Årets spelar denne sesongen, og han kunne motta pokal og gåvesjekk på kr 6.000 frå vår Hovudsponsor Ytre-Eide Sport 1!

Her ser vi den glade vinnaren saman med trenar Johann Sigurdsson og sportsleg leiar senior Per Ole Tenden.