NFF Sogn og Fjordane delte ut Fair Play pris på Fotballfesten
Dei fleste fotballinteresserte hugsar nok episoden under Kretsligakampen mellom Stryn og Skavøypoll 15.september når Mads Wie bomma på straffe med vilje. 

Mads og herrelaget fekk NFF Sogn og Fjordanes Fair Play pris for september for handlinga, og under Fotballfesten på laurdag var Styremedlem Jon Georg Rutledal på plass og delte ut prisen!

På bildet ser vi ein fornøgd gjeng med spelarar med trenar Johann Sigurdsson, Mads Wie og Jon Georg Rutledal foran.



Det vart også delt ut blomar til avtroppande trenarar Johann Sigurdsson og Martin Knutsen Dolvik på herrelaga, og Guttorm Sæbø på damelaget. Nytt trenarteam på senior herrer vert som kjent Geir Inge Rake og Asbjørn Tenden, medan Halvard Bøe, Katrin Oppheim og Olav Atle Øvreberg får ansvaret for damelaget neste sesong.

Stryn Fotball vil også gjerne få takke våre sponsorar Pretre AS, Sacco of Norway AS, Sparebanken Vest og Ytre-Eide Sport 1 for flotte prisar til våre spelarar, samt Isehaug Kafeteria AS som stiller med pyntga festlokale og nydeleg julemiddag!