Jentelaget klar for 1.runde i NM J16 Telenor Cup
Stryn vann 4-3 i ein spennande bortekamp mot Vik onsdag!

Det skjer mykje på jentesida i Stryn Fotball for tida. Onsdag spelte jentelaget vårt avgjerande kvalifiseringskamp til NM J16 Telenor Cup borte mot Vik. Stryn måtte klare minst uavgjort for å kvalifisere seg til 1.runde, men det var heimelaget som tok leiinga 1-0. 

Stryn utlikna til 1-1 men Vik tok på ny leiinga 2-1 og gjekk seinare opp til 3-1. Etter ein forrykande andreomgong snudde Stryn kampen og vann til slutt 4-3 og skal dermed spele NM-kamp i august. 

Målscorarar mot Vik var Marie Johannsdottir, Joanna Kveen Øvre-Flo, Emilie Flo Stavik og Adele Rustøen.