Årets toppscorar 3.div damer: Saeideh Tajik
Stryn Fotball sin årlege Fotballfest vart arrangert på Isehaug Kafeteria laurdag kveld!

Som vanleg varta Isehaug opp med nydeleg julemat og stilfullt pynta lokaler. Det vart også delt ut mange prisar til spelarar og andre frivillige i klubben.

Først ut var toppscorar for damelaget. I år var det Saeideh Tajik som kunne motta prisen som består av pokal og gåvekort på kr 1.000 frå Sacco of Norway AS! Saeideh scora 9 mål for Stryn denne sesongen og på biletet ser vi ho i lag med trenarane Katrin, Halvard og Olav Atle.