Årets Sparebanken Vest-talent damer: Karoline Flo
Kvar einaste sesong er det fleire jentespelarar som får prøve seg på damelaget. Karoline Flo er blant desse i år og ho har verkeleg tilpassa seg nivået på seniorfotballen i fylket.

Ho vart belønna med prisen for Årets unge spelar og kunne motta pokal og gåvesjekk på kr 2.500,- frå vår sponsor Sparebanken Vest!

På biletet ser vi Karoline i lag med trenarteamet for damelaget og prisutdelar Johann Sigurdsson som denne gongen representerte Sparebanken Vest.