Årets Sparebanken Vest-talent herrer: Håvard Kroken
Det er mykje talentfull ungdom her innerst i fjorden, og også på herresida markerer dei unge spelarane seg på seniornivå.

Mange frykta vel at honndølen Håvard Kroken ville bli satt ut av spel lenge etter ein skade tidleg i sesongen. Men han kom tilbake raskare enn Lucky Luke trekker revolveren sin og ein strålande haustsesong bidrog til at trenarteamet valgte Håvard som årets unge spelar.

På fotballfesten mottok han  dermed pokal og gåvesjekk på kr 2.500,- frå vår sponsor Sparebanken Vest.