Årets spelar herrer: Vegard Hopland 
Vegard fekk med seg to prisar heim frå fotballfesten i år. I tillegg til toppscorartittelen vart han også kåra til Årets spelar av lagkameratane på Stryn sitt herrelag.
Også han fekk pokal og gåvesjekk på kr 3.000,- frå vår sponsor Ytre-Eide Sport AS.

Ekstra kjekt var det at prisen vart delt ut av Per Ytre-Eide som sjølv har mange kampar i strynedrakta og som også har spelt fotball på toppnivå i Norge!

Vi gratulerer Vegard med prisen!