Årets medspelar: Kjell-Anders Waage Pettersen
Det er ikkje berre seniorspelarane som får prisar på Stryn Fotball sin årlege fotballfest.

Kjell-Anders har i nokre år vore ein del av arrangmentsutvalet i klubben.

Han er eit ekte "JA-menneske" og stiller opp og bidrar på dei fleste arrangementa som klubben har i løpet av ein sesong. Han er alltid blid og positiv og ein stor ressurs som vi er veldig glad for ha med i klubben vår!

I år kunne han velfortent motta prisen som årets medspelar som vart utdelt av styreleiar Torstein Tvinnereim!