Årets trenar aldersbestemt: Per Ole Tenden og Trond Leirgulen
Trenarane til våre aldersbestemte lag er blant våre viktigaste ressurspersonar i klubben! Desse er forbilda og læremeistrane til alle dei borna og ungdomen som seinare skal spele på klubben sine seniorlag  og kanskje også på høgare nivå.

To av desse ressurspersonane er Per Ole Tenden og Trond Leirgulen. Dei har i år vore trenar for gutelaget (G15/16) til Stryn og har fulgt desse gutane sidan dei starta opp i fotballen som 6-åringar. I år stilte vi med både 11ar og 9ar lag i denne klassa - og når ein i tillegg blir kretsmeistrar i 11ar klassa viser trenerduoen at det er mogleg å tenkje både breidde og topp!

Per Ole og Trond fekk velfortent prisen som Årets trenar aldersbestemt i år - Stryn Fotball gratulerer!

Trond var ikkje til stades under utdelinga men sportsleg leiar Rune Ommedal kunne overrekke pokal til ein tydeleg fornøgd Per Ole Tenden.