Stryne-jenter tatt ut til Equinor Talentleir 
Hermine Kjøsnes og Malin Tjellaug frå Stryn og Ingeborg Sofie Sætren frå Hornindal er alle tatt ut til Equinor Talentleir J14/15. 

Dette er fyrste nasjonale tiltak for 2005-modellane, og samlar dei 40 største talenta i landet i denne årsklassa. 3 av desse er altså frå indre Nordfjord og vi gratulerer alle 3 med uttaket og ynskjer lukke til på samlinga som er i Sarpsborg 21.-24.mars!


F.v: Ingeborg Sætren, Malin Tjellaug og Hermine Kjøsnes
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball