Fair Play prisen til Kenneth Kompalla
I pausen under forrige Kretsligakamp på stadion vart Stryn Fotball sin Fair Play pris delt ut. Denne gongen var det ein av våre mange dyktige og engasjerte trenarar, Kenneth Kompalla, som vann prisen:

"Fair Play handlar om det å ha overordna verdiar, respekt for andre menneske og om å forsterke venskap.
Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre både på og utanfor bana!

Prisen denne gong går til ein trenar med akkurat desse gode haldningane,
Denne trenaren haustar stor respekt både blant spelarane og foreldra.
Trenaren er alltid blid, engasjert og positiv, noko som igjen smittar over på heile fotballaget!

Trenaren rosar alltid uansett resultat og er verkeleg ein trenar som gir alt!
Trenaren er oppmuntrande, støttande og tek seg alltid tid til ein prat, både på og utanfor bana.

Fair Play prisen for august 2019 går til,

Kenneth Kompalla, trenar gutar 9 år!"


Kenneth Kompalla i lag med leiar av Fair Play utvalet Oddny-Kristin A Drageset-Nøstvold
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball

Stryn Fotball gratulerer med velfortent pris!