Årets spelar damer - Marie Rekdal Johannsdottir
Vinnaren av prisen for årets spelar er det spelarane sjølve som stemmer fram og denne prisen heng nok derfor litt ekstra høgt blant seniorspelarane. 

I år var det Marie Rekdal Johannsdottir som vann den gjeve prisen og kunne motta pokal og gåvekort kr 3.000 frå Ytreeide Sport AS!

Ekstra kjekt var det at Per Ytreeide var til stades på Fotballfesten og delte ut prisen på vegne av Ytreeide Sport.

Gratulerer så mykje til Marie!