Sparebanken Vest med gåve til Stryn United
Stryn United fekk kr 56.000!

På treninga til Stryn United torsdag dukka plutseleg Rune Ommedal frå Sparebanken Vest sitt kontor i Stryn opp i Gymsalen på Stryn Ungdomsskule. Han hadde ei skikkeleg gladmelding til spelarane på laget!

Banken har kvart år ein julekalender der alle dei ansatte i heile SPV gjev si stemme til eit godt formål som dei ynskjer banken skal gje penger til. I julekalenderen for 2019 hadde personalet ved strynekontoret foreslått Stryn United som eit av desse formåla. Mange av dei ansatte i banken valgte å bruke si stemme på laget vårt og Ommedal kunne dermed overrekke ein sjekk på heile kr 56.000 til Stryn United! Magne Birger Pedersen mottok sjekken til ellevill jubel frå resten av laget!

Pengane skal nyttast til ein sosial aktivitet for laget, og Stryn Fotball vil på vegne av Stryn United rette ein hjarteleg stor takk til Sparebanken Vest og alle dei ansatte der for gåva! 


  Foto: Thomas Thaule - Fjordingen