Stimulansepokal til Malin, Johannes og Frida
På årsmøtet til Stryn T&I forrige veke vart det, tradisjonen tru, delt ut Stimulansepokalar til ungdom i Stryn som har utmerka seg med gode haldningar og gode resultat innan idretten i kommunen. 

I år vart det utdelt 3 pokalar: Malin Eikenes Tjellaug og Johannes Konstali-Lødemel var nominert frå Stryn Fotball og Fride Nesje frå Stryn Turn.

Alle tre har vist gode resultat, gode haldningar og stort engasjement i sine idrettar!

Stryn Fotball gratulerer Malin, Johannes og Fride med velfortente stimulansepokalar og ynskjer lukke til med idretten i åra som kjem!