Marie Johannsdottir har signert for Arna Bjørnar
Strynejenta Marie Johannsdottir har signert for toppserieklubben Arna Bjørnar! 

Etter ein strålande sesong for Stryn sitt damelag i 2019, med 7 mål på 18 kampar for serievinnaren, vart Marie invitert til å trene med Arna Bjørnar i vinterferien i år. Der imponerte ho så mykje at bergensklubben har tilbudt Marie kontrakt.

Ho reiser til Bergen i månadsskifte juli/august og er då klar for spel for Arna Bjørnar i Toppserien som startar opp 3.juli. Også eidajenta Emilie Skrede har signert for Arna Bjørnar. Emilie meldte overgang frå Eid til Stryn i vinter, men rakk dessverre aldri å debutere for sin nye klubb pga Covid-19. 

Stryn Fotball synes det er kjekt at vi no også får spelarar på øverste nivå i dameserien og ynskjer begge to lukke til i Arna Bjørnar!

  
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball