Overskrift her..
Her er ein oversikt over kva kampar som går på Stryn Stadion denne veka.

Endeleg er aldersbestemt fotball i gong for fullt igjen! NFF har i samråd med FHI og myndighetene laga retningslinjer som klubbane skal følge for å ivareta smittevern i samband med situasjonen rundt Covid-19. Det er derfor viktig at du som publikum, enten det er på kamp med J9 år eller G15/17, føl dei instruksjonane som Kampverten gjev. 

Kampverten vil ha gul vest på seg og vil vere lett gjenkjenneleg. Ein av oppgåvene til Kampverten er å føre liste med namn og kontaktinfo (tlfnr) til alle som ser på kampen. Dette fordi ein lettare skal kunne jobbe med smittesporing ved eventuelle tilfeller av Koronasmitte i Stryn. Så dersom nokon med gul kamp-vert vest kjem og ynskjer å notere namnet og tlfnr ditt på ei liste, er dette i henhold til retningslinjer frå NFF og Stryn Fotball. Publikum vil også ha tildelt eige område ved bana, følg derfor instruksjonen til kampverten om dette. Hugs også på 1-meter regelen.

Vi ynskjer alle lukke til med sesongen og kos dåkke med god aldersbestemt fotball i haust!

Kampar veke 35:
Måndag 24.august:
18.00 G10 Stryn - Sandane 2  (Nyebana - dvs bana nærmast sentrum)
19.00 G13/14 Stryn - Svelgen  (Stryn Stadion)

Tysdag 25.august:
18.00 G9 Stryn 1 - Eid 2 (Gamlebana)
18.00 J9 Stryn - Eid (Gamlebana)
19.00 J13/14 Stryn 1 - Måløy 1  UTSATT

Onsdag 26.august:
18.00 J10 Stryn 1 - Loen  (Nyebana)
18.00 G11 Stryn 1 - Sandane  (Nyebana)

Torsdag 27.august:
18.00 G12 Stryn 2 - Skavøypoll   UTSATT

Laurdag 29.august:
14.00 J20 Stryn - Kaupanger 1 (Stryn Stadion)

Søndag 30.august:
12.30 J15/17 Stryn - Høyang (Stryn Stadion)
14.00 J15/17 Høyang - AHIL/Atløy  (Stryn Stadion)
15.30 J15/17 Stryn - AHIL/Atløy  (Stryn Stadion)

Vel møtt!