Kampar på Stryn Stadion veke 36
Her er ein oversikt over kva kampar som går på Stryn Stadion denne veka.

NFF har i samråd med FHI og myndighetene laga retningslinjer som klubbane skal følge for å ivareta smittevern i samband med situasjonen rundt Covid-19. Det er derfor viktig at du som publikum, enten det er på kamp med J9 år eller G15/17, føl dei instruksjonane som Kampverten gjev. 

Kampverten vil ha gul vest på seg og vil vere lett gjenkjenneleg. Ein av oppgåvene til Kampverten er å føre liste med namn og kontaktinfo (tlfnr) til alle som ser på kampen. Dette fordi ein lettare skal kunne jobbe med smittesporing ved eventuelle tilfeller av Koronasmitte i Stryn. Så dersom nokon med gul kamp-vert vest kjem og ynskjer å notere namnet og tlfnr ditt på ei liste, er dette i henhold til retningslinjer frå NFF og Stryn Fotball. Publikum vil også ha tildelt eige område ved bana, følg derfor instruksjonen til kampverten om dette. Hugs også på 1-meter regelen.

Vi ynskjer alle lukke til med sesongen og kos dåkke med god aldersbestemt fotball i haust!

Kampar veke 36:
Måndag 31.august:
18.00 G10 Stryn - Olden  (Nyebana - dvs bana nærmast sentrum)
18.00 J11 Stryn - Heia  (Nyebana)

Tysdag 1.september:
18.00 G9 Stryn 2 - Sandane (Gamlebana)
19.00 J13/14 Stryn 2 - Sandane (Nyebana)

Onsdag 2.september:
18.00 J10 Stryn 2 - Stryn 1  (Nyebana)
18.00 G11 Stryn 2 - Stryn 3  (Nyebana)
19.00 G15/17 Stryn 1 - Førde 1 (Stadion)

Torsdag 3.september:
18.00 J12 Stryn  - Sandane  (Nyebana)

Fredag 4.september:
19.00 G20 Stryn - Florø (Stryn Stadion)

Søndag 6.september:
15.00 G13/14 Stryn - Eid (Stryn Stadion)
18.00 G12 Stryn 1 - Hornindal (Stryn Stadion)


Vel møtt!