Grasrottrener, Delkurs 1 og 2


Stryn Fotball har gleden av å invitere til NFF Grasrottrenerkurs!

Grasrottrenerkursa har som mål å auke kompetansen innan barne- og ungdomsfotballen og blir gjennomførte med både teori- og praksisøkter. Ei veldig god anledning til å få litt fotballfaglig påfyll.

Målet er å gjennomføre alle 4 moduler i Stryn før sommaren. Dei 2 første blir allereie no før påske. Dette er eit tilbod til alle, enten du er trenar, lagleiar eller spelar. Det viktige er at du kan tenke deg å bidra med å legge tilrette for god fotballaktivitet for barn og unge enten no eller i framtida  

Deltakarar frå naboklubbane våre er også hjerteleg velkomne til å delta!

Kursinstruktør: Johann Sigurdsson

Så om dette er noke du kan tenke deg, ikkje nøl med å melde deg på:

Påmelding Grasrottrenar, del 1 og 2