Ingen ny leiar på Årsmøtet 
Stryn Fotball heldt Årsmøte på Stryn VGS onsdag kveld.

Litt over 20 stk møtte opp på Stryn Fotball sitt årsmøte onsdag. På programmet stod faste årsmøtesaker, og styret sine framlegg til Årsmelding, regnskap og budsjett vart godkjent.

Leiar i klubben siste 7 åra, Torstein Tvinnereim, hadde gjeve beskjed om at han ikkje tok gjenvalg i år, og ein hadde ikkje lukkast i å finne ein ny leiarkandidat til årsmøtet.

Årsmøtet vart enstemmig enige om følgande:
- Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Stryn Fotball om nokre veker der det då skal velgast ny styreleiar.
- Ivar Paulsen fungerer som styreleder i Stryn Fotball inntil det ekstraordinære årsmøtet då er avholdt.
- Avtroppande leier for valnemda Brynjar Flo fortsetter som leier av valnemda inntil det ekstraordinære årsmøtet er avholdt.

Valnemnda sine forslag til kandidatar til det øvrige styret og utvala vart godkjent i sin heilhet.
Valnemda vart godkjent av årsmøtet mot 3 stemmer. Valnemda velger sjølv leier for valnemda seg imellom.

Stryn Fotball vil på vegne av styret og medlemmane våre takke Torstein for ein fantastisk jobb for klubben siste 7 åra!  Ein god leiar for alle, og med eit stort hjerte for klubben vår har han bidratt stort til den positive utviklinga klubben har hatt!

Har de gode forslag til kandidatar til ny leiar så ta kontakt med valnemnda ved leiar Brynjar Flo!