Stryn Sommarskule 2021
Gratis aktivitetstilbod for born i sommar!

Stryn Fotball er i år ein del av eit unikt samarbeid med Stryn Kommune og Nordfjordakademiet! Saman vil vi tilby gratis aktivitet for born i 5 veker i sommar. 

Stryn Fotball skal arrangere i veke 25, 26, 27 og 31. Det vil bli varierte aktivets- og naturopplevingar med målsetting om at deltakarane skal meistre nye ting og oppleve  gleda av å være ute i naturen. I veke 25 vil vi ha eit litt større fokus på fotball der kvar formiddag vil bestå av Fotballskule og ettermiddagane av anna aktivitet. Mesteparten av tida vil borna være utandørs.

Veke 25 - Fotballskule m/aktivitetscamp 2.-7.klasse skuleåret 2021/22
Veke 26 - Aktivitetscamp 2.-5.klasse skuleåret 2021/22
Veke 27 - Aktivitetscamp 6.-8.klasse skuleåret 2021/22
Veke 31 - Aktivitetscamp 2.-5.klasse skuleåret 2021/22

Her kan du melde deg på både Stryn Fotball og Nordfjordakademiet sine aktivitetar frå onsdag 26.mai kl 09.00. Det er begrensa antall deltakarar på kvar aktivitet, vi ber derfor om at de prioriterer vekene med 1.valg og 2.valg. 

OBS!!! PÅMELDINGA OPNAR IKKJE FØR 26.MAI KL 09.00!

Påmelding Stryn Sommarskule 2021 (PÅMELDINGA OPNAR 26.MAI KL 09.00)