Sterk innsats av Stryn J19 og G19 i helga
Begge med sigrar i fyrste U19 NM Kvalifiseringskamp!

Fyrst ut var Stryn J19 som møtte Førde på heimebane laurdag. Ein spennande kamp der laga fulgte kvarandre tett i 90 min. Olivia Vollsnes Wemby gav Stryn leiinga 1-0 allereie etter 6 min. Førde utlikna til 1-1 midtvegs i omgangen, noko som også var stillinga til pause. 

I andre omgong tok det heilt av! Førde gjekk tidleg opp i leiing men ny scoring av Olivia sørga for 2-2 før 3 min var spelt. Ny leiing til Stryn etter 56 min, denne gongen ved Emma Dorthea Lødemel. Men igjen vart det utlikna raskt til 3-3 før eit sjølvmål gav ny stryneleiing 4-3.Emma Dorthea aukar til 5-3, men redusering til Førde 9 min før slutt sørga for ei spennande avslutning på kampen. Leiinga held imidlertid heilt inn og Stryn har fått ein god start på NM-kvaliken!

Søndag var det G19 sin tur borte mot Florø. Også dette vart ein målrik kamp men her var det Stryn som stod for alle scoringane. Johannes Garlid Tenden gav Stryn leiinga 1-0 like før pause. 20 min ut i andre omgong dobla same Tenden leiinga før Saeed Tajik auka til 3-0 2 min seinare. Også Saeed vart 2-målsccorar 5 min før slutt før Trym Vatn Øvreberg fastsatte sluttresultatet til 5-0 i siste minutt. 

Gratulerer til både jentene og gutane, vi kjem tilbake med meir info om motstander og tidspunkt for 2.kamp.