Stryn med 9 lag kvalifisert til KM-futsal aldersbestemt
I helga vart det arrangert kvalik til KM-futsal aldersbestemt rundt omkring i fylket. Stryn Fotball var ein av arrangørane og tilsaman vart det spelt 104 kampar i Strynehallen laurdag og søndag. 

Arrangementsgruppa i Stryn Fotball gjorde ein strålande jobb og arrangementet gjekk prikkfritt begge dagane!

Også sportsleg gjorde Stryn Fotball det veldig bra, og heile 9 lag er kvalifiserte til sluttspelet på Sandane 2. og 3. mars! Laga som gjekk vidare frå Nordfjord er:

G13: Svelgen, Stryn 1 og TMFK
G14: Svelgen, TMFK og Bremanger
G15: Stryn og Sandane
G16: Stryn 1, Sandane og Eid
J13: Stryn og Sandane (denne klassa spelta kvalik i Førde)
J14: Stryn 1 og Heia
J15: Eid, Loen/Vikane og Sandane 2
J16: Stryn og Sandane


Stryn G16 er kvalifisert til sluttspelet i KM på Sandane
i lag med 8 andre lag frå Stryn Fotball

I tillegg er Stryn og Sandane klar for sluttspel i G19-klassa og Sandane, Stryn (2 lag) og Svelgen klar for sluttspel i J19 klassa.

Stryn Fotball vil gjerne få takke alle som bidrog til at det vart to flotte dagar med fotball i helga: Spelarane, trenarane, publikum, dommarane og sist men ikkje minst: alle dei frivillige som stilte på dugnad!