Stryn Fotball har siste åra fått mange nye unge dommarar! Desse er veldig viktige for klubben, utan dommarar kunne vi ikkje spelt alle kampane som vert avvikla på stadion kvar sesong.

Vår sponsor Fluor-Lux ønskte å gjere ekstra stas på 6 unge dommarar under fotballfesten i år. Desse er: Anurathan Velalakan, Julian Hove, Kenneth Aaland, Runar Walaker, Lena Lunde Vinsrygg og Tonje Stølen. Alle desse, samt dommaransvarleg Tom Edvinsen, fekk overrekt gåvekort på kr 1.000 gjeve av Fluor-Lux som takk for god innsast med dommarfløyta 2013!