Klart for KM-Futsal for aldersbestemt fotball  
Stryn Fotball er kvalifisert med 8 lag!

Komande helg er det klart for KM-Futsal for aldersbestemte lag i NFF Sogn og Fjordane. Sluttspelet vert spelt i Trivselhagen på Sandane og Stryn er meget godt representert med heile 8 lag kvalifisert. 

Kampane til strynelaga er fordelt slik på dagane:
Laurdag 3.mars:  J13, G13, J15, G15 og Jr herrer.
Søndag 4.mars: J14, G14 og J16

For dei som ikkje har anledning til å ta turen til Sandane sjølve vil det også i år være mulighet for å sjå nokre av kampane via streaming på You Tube. Ved å følge linken nedanfor til Kretsen si heimeside finn du både kampoppsett og link til streaminga.

Kampoppsett KM-Futsal aldersbestemt