Stryn vann vinterserien for junior herrer
Dramatisk finale vart avgjort på straffekonkurranse!

Det vart dramatisk og nervepirrande når Stryn og Sogndal møttes til finale i vinterserien junior herrer på Stryn Stadion søndag. 

Stryn tok leiinga tidleg i kampen ved Runar Tvinnereim, og Johannes Tenden dobla leiinga 10 min før pause. Mathias Sundberg sørga for ny spenning i kampen med redusering etter 41 minutt.

2-1 holdt seg til det stod igjen ca 20 min av kampen. Først auka Alexander Jakobsson til 3-1 på frispark. Sogndal hadde imidlertid ikkje tenkt å gje seg, Andreas Flåten reduserte til 3-2 før Sundberg vart tomåls-scorar med si utlikning ca 10 min før full tid. 3-3 stod det også ved full tid, dermed var det klart for ekstraomgongar. Heller ikkje her vart det fleire scoringar, og straffekonkurranse måtte til for å kåre ein vinnar. 

Stian Olsbø sette første straffa sikkert i mål, og når Jens August Guddal Muri redda gjestane sitt første forsøk fekk Stryn eit lite overtak frå start. I tur og orden scora Johannes Tenden, Johan Ytreeide, Alexander Jakobsson og Jens August Guddal Muri for Stryn, og då hjalp det lite at Sogndal også scora på sine. Stryn gjekk sigrande ut av straffekonkurransen og vart dermed vinnar av Vinterserien junior herrer 2018!

Vi gratulerer spelarar og ikkje minst trenarduoen Geir Inge Rake og Asbjørn Tenden med sigeren!