Stryn Fotball har fått nye drakter frå Sparebanken Vest
Alle lag i barnefotballen har fått heilt nye komplette draktsett frå vår generalsponsor Sparebanken Vest!

Sparebanken Vest deler i år ut nye draktsett til ca 19.000 unge fotball- og handballspelarar, og Stryn Fotball er blandt dei heldige som får nye drakter med banken. Vi har nyleg motteke ein bag med drakter til alle laga våre frå 6-12 år, som skal fordelast til ivrige fotballspelande jenter og gutar i klubben i dagane framover!

Først ute var Gutar 12 år som torsdag spelte sin første kamp for sesongen heime mot Tornado Måløy. Johann Sigurdsson frå Sparebanken Vest sitt kontor i Stryn var på plass på stadion og overrekte draktene til dei meget fornøgde gutane på 12-årslaget vårt.

Stryn Fotball vil på vegne av alle laga våre få takke Sparebanken Vest for gåva. Dette set vi stor pris på!