Solid innsats på Gothia Cup
Stryn Fotball reiste med heile 6 lag til årets Gothia Cup som vart avvikla forrige veke. Samtlege lag hadde ei fin turnering både sportsleg og sosialt, og vi takker alle laga for ein strålande innsats. Ekstra kjekt var det for Gutar 16 som  laurdag kunne heve pokalen som vinnarar av B-sluttspelet! Vi gratulerar spelarar og trenarteamet med sigeren!

Her er ei kort oppsummering frå dei ulike laga våre:

Gutar 16
Turneringa starta med ein solid 4-0 siger over svenske Emmaboda IS på måndag. Dagen etter var det spansk motstand, det endte med knappast mogleg tap, 0-1, for CD Inter Vista Alegre. Spanjolane spelte seg seinare fram til semifinalen i A-sluttspelet. I den avgjerande kampen om plass i A-sluttspelet vart svenske Steffanstorp United for sterke og dermed vart det plass i B-sluttspelet for Stryn. I tur og orden vart Stenkullen GoIK (SVE), Frøvi IK (SVE), FK Gjøvik-Lyn (NOR), SGV Surf Soccer Club (USA) og Kållered SK (SVE) sendt ut av turneringa før irske Seatown FC venta i finalen. Også her vart det siger for strynegutane som altså kunne reise heim med pokalen i bagasjen!


Stryn Gutar 16

Jenter 15
Det vart full pott og 3 sigrar for jenter 15 i gruppespelet. Svensk motstand i alle kampane førte til 3-0 over Emmaboda IS, 3-1 over Hille IF og 6-0 over Bälinge IF. Dermed var jentene klare for A-sluttspelet. I 1/16 finalen venta norske Bærums Verk Hauger IF. 0-0 ved full tid førte til at kampen måtte avgjerast på straffekonkurranse. Her drog Bærums Verk det lengste strået og cupeventyret var dermed over for Stryn J15.


Stryn Jenter 15

Gutar 14
3 kampar, 9 poeng og 12-0 i målforskjell var fasit for G14 etter gruppespelet. Etter 6-0 over Tôreboda IK (SVE), 2-0 over South Molton FC (ENG) og 4-0 over IF Lödde (SVE) venta ny svensk motstand i 1/32 finalen. 3-1 over Spånga IS FK og 2-1 og Näsets SK i 1/16 finalen og gutane var klar for 1/8 finale mot SKF Bulgaria. Det bulgarske laget vart for sterke for stryningane og scoringa etter 35 min sendte G14 ut av turneringa.


Stryn Gutar 14

Jenter 14
Tøff motstand for jentene i dei to fyrste kampane i gruppespelet endte med tap 1-6 for IFK Osby (SVE) og 0-4 for IF Brommapojkorna (SVE). Det var dermed kamp om 3-plassen i siste gruppespelskamp mot Näsets FK (SVE), her kom sigeren (2-0) og jentene var klare for B-sluttspelet. Det vart ein målrik affære i 1/32 finalen, Rælingen FK var hakket kvassare og vann 5-3.


Stryn Jenter 14

Gutar 13
Tysk maskineri møtte G13 i fyrste kamp. Eit meget sterkt Blumenthaler SV gav seg ikkje før de stod 6-1 i målprotokollen. Gutane heva seg meisterleg i dei neste kampane og  3-0 over Svartviks IF og 1-0 over FC Ajax-Tallinn førte til plass i 1/32 finalen i A-sluttspelet. Gutane heldt lenge følge med thailandske Southern Beach FC men mot slutten vart skilnaden for stor og det endte til slutt med 1-5 tap.


Stryn Gutar 13

Jenter 13
Stryn sine jenter 13 havna i ei meget jamn gruppe der det var målskilnaden som til slutt vart avgjerande for kven som havna i A og B-sluttspelet. Jentene opna med 4-0 siger over Askims IK (SVE), før det vart tap med tilsvarande siffer for San Francisco Vikings SC (USA). I siste kamp vart det 2-1 siger over AIK FF (SVE). Dermed var det 3 lag som endte med 6 poeng, og det vart Stryn som endte i B-sluttspelet. 5-3 siger over Vaksala SK (SVE) i 1/8 finalen og 2-1 over IF Väster (SVE) i 1/4 finalen og jentene var klar for semifinale mot Global Premier Soccer (USA) som endte med 0-4 tap.


Stryn Jenter 13

Strålande innsats av samtlege av laga våre, gode representantar for både bygd og klubb! Stryn Fotball takkar for innsatsen!