Vinnarar av Månadens Fair Play pris
Som kjent deler Stryn Fotball ut månadens Fair Play pris 4 gonger i året. Prisen blir delt ut til spelarar som utmerker seg med gode haldningar og handlingar i forhold til Fair Play sine grunnverdiar.

I samband med Kretsligakampen mellom Stryn og Årdal laurdag kunne Jørgen Trøsken frå G13/14 motta prisen for juni. Han vart nominert av trenerteamet til laget med følgande grunngjeving:

"Vi trenarane på G13/14 vil nominere Jørgen Trøsken til Fair play-prisen.
Jørgen er kaptein på 11’er laget og gir alltid 100% i både trening og kamp. Han har og gode haldningar og bidreg til å få dei andre med seg. Han er såleis eit godt forbilde for andre og ein strålande kandidat til Fair play-prisen."


Foto: Roy Aron Myklebust - Fjordingen

Prisen for mai vart delt ut før sommarferien og velfortent vinnar vart Ane Heggdal Aabrekk frå J12, også ho nominert av trenarane til laget:

"Ho stiller på trening, presis, er positiv og alltid eit godt smil på lur, føl med når trenarane fortell, dreg med seg dei andre jentene på ein god måte."


Foto: Stryn Fotball

Stryn Fotball gratulerer vinnarane med velfortente prisar! vi oppfordrar samstundes trenarar/lagleiarar/foreldre osv til å sende inn forslag til kandidatar til prisen. Forslag med ein kort grunngjeving kan sendast på e-post til leiar i Fair Play utvalet - Martin Hopland: martin.hopland@bring.com.