Stryningar på Kretslags-samlingar 
Fleire stryningar har vore på oppdrag for Kretslag denne helga!

Denne helga var fleire av kretslaga i Sogn og Fjordane på diverse samlingar både innanfor og utanfor fylkesgrensa, og Stryn Fotball var godt representert på laga.

Johannes Konstali-Lødemel var tatt ut til Team Sogndal G13 som var i Haugesund på Eliteturnering. I innleiande kampar på laurdag vart det sigrar mot Sandnes Ulf og Start og uavgjort mot Viking. Søndag var det sluttspel og dagen starta med tap for Brann og Viking og endte med siger mot Strømsgodset. Johannes og lagkameratane endte dermed på 3.plass i turneringa.



Også G15 var på Eliteturnering, dei tok turen austover til Drammen. Her var Stryn representert med heile 3 spelarar, Lukas Leirgulen, Jon-Erlend Bø og Trym Vatn Øvreberg var alle med i troppen. Team Sogndal endte som gruppevinnar etter sigrar over Ullensaker/Kisa (2-0), Stabæk (1-0) og Strømsgodset (4-1). I semifinalen vart det tao (0-2) for Aalesund medan bronsefinalen endte med 4-2 siger over Strømsgodset etter straffekonkurranse. 

Også på jentesida hadde Stryn representantar i aksjon på kretslag. J13 hadde treningssamling i Stryn med Hermine Kjøsnes og Malin Tjellaug i troppen. J13 kretslaget er trent av Jon-Terje Tjellaug og Katrin Oppheim, også dei godt kjente for fotballinteresserte stryningar. 

Det vert jobba godt i aldersbestemt fotball i Stryn og vi er stolte av å ha så mange gode representantar for bygda både på spelar- og trenarsida.