Fair Play prisen til Hermine
Hermine Kjøsnes fekk Fair Play prisen for august 2018!

I samband med Kretsligakampen mellom Stryn og Studentspretten laurdag var Stryn Fotball sin Fair Play-pris for august delt ut. Denne gongen var det Hermine Kjøsnes frå J13 som kunne motta prisen. Hermine var nominert av trenarane sine med følgjande grunngjeving:

"Jenter 13 spelte 7êr kamp mot Eid – for øvrig eit svært godt lag med fleire kretslagsspelarar. Eid var betydeleg betre enn Stryn og leda 10-0 når dommaren blåste corner til Stryn – ein kjærkomen mulighet til å flytte opp laget og kanskje få eit mål. Hermine som fekk corneren gav med ein gong beskjed til dommaren at det ikkje var corner men utspel frå mål. 
Generelt er Hermine Kjøsnes positiv ovanfor medspelarar, deltek på alle treningar med 100% innsats og positiv til å bidra uansett kva vi spør ho om."



Stryn Fotball gratulerer Hermine med velfortent Fair Play-pris!

På biletet ser vi Hermine i lag med prisutdelar Hilde Konstali-Lødemel frå Fair Play utvalet til Stryn Fotball.