J16 klar for 1.runde i NM Telenor Cup
Stryn slo ut Førde i kvalifiseringsrunden!

Kvalifisering til NM Telenor Cup vart spelt over to kampar mot Førde. Fyrste kampen, som vart spelt i Stryn, endte 1-1 og returkampen i Førde onsdag vart eit skikkeleg nervedrama!

Førde tok leiinga i første omgong og 1-0 var også stillinga halvvegs i kampen. Etter pause utlikna strynejentene før heimelaget igjen tok føringa i målprotokollen. Like før slutt var det imidlertid ny utlikning, denne gongen heldt det heilt ut og med 2-2 i Førde er Strynejentene vidare i cupen på bortemålsregelen etter to jamne og spennande kampar!

Stryn Fotball gratulerer jentene med strålande innsats og kjem tilbake med meir info om 1.runde etter at NFF har foretatt trekninga.