Strynejenter på Equinor Talentleir 2019 
Malin E. Tjellaug og Hermine Kjøsnes på talentleir i Porsgrunn!

Denne veka deltek strynejentene Malin E. Tjellaug og Hermine Kjøsnes på Equinor Talentleir i Porsgrunn. Samlinga er ein del av NFF's spelarutviklingsprogram - Landslagsskulen - og her er 42 av landets største fotballtalent i denne årsklassa samla. Også Ingeborg Sofie Sætren frå Hornindal er tatt ut. 

Samlinga starta på laurdag 29.juni og vert avslutta onsdag 3.juli. I løpet av desse lærerike dagane blir det mykje trening og kampar på høgast mogleg nasjonalt nivå for jentene. Stryn Fotball er stolte av å ha to flotte representantar på ei slik samling og ynskjer jentene lukke til!


Foto: Jon-Terje Tjellaug