Stryn møter Herd i 1.runde NM J16 - Telenor Cup
Som einaste representant frå Sogn og Fjordane er Stryn sine Jenter 16 klar for 1.runde i NM!

16 lag gjenstår og Stryn møter Herd borte laurdag 24.august etter å ha slått ut Førde i kvaliken. Vi ynskjer jentene lukke til i cupen!