Stryn G15/17 vart Kretsmeistrar
Slo Førde 4-2 i seriefinalen onsdag kveld!

Stryn gjekk tidleg opp i leiing 1-0 i toppkampen på Stryn Stadion onsdag og etter ein halvtime stod det 2-0 til heimelaget, noko som heldt seg til pause. 

5 min ut i andre omgong stod det 3-0 etter ei straffescoring før Førde reduserte til 3-1. Ny straffe til heimelaget aukar på nytt leiinga før Førde reduserer nok ein gong på overtid og fastset sluttresultatet til 4-2.

Vi gratulerer spelarar og trenarar på Stryn G15/17 med KM-tittelen og takkar for strålande innsats gjennom heile sesongen!