Strynespelarar deltek på Equinor Talentleir
Malin Eikenes Tjellaug, Ingeborg Sofie Sætren (J15) og Johannes Konstali-Lødemel (G15) skal dei komande dagane delta på Equinor Talentleir i Sarpsborg i regi av NFF Landslagsskolen!

Gutane er allereie på plass i Sarpsborg medan jentene startar opp når gutane reiser heim 2.feb. 

Her samlast Norges største fotballtalent i 15. og 16. årsklassane til trening og kampar under veiledning og instruksjon frå fotballforbundets aldersbestemte landslagstrenarar. 

Vi gratulerer Malin, Ingeborg Sofie og Johannes med uttaket og ynskjer lukke til på samlinga!


Johannes saman med Sondre Nor Midthjell frå Eid som også er tatt ut til samlinga.
Foto: Privat