Stryn med 6 lag kvalifisert til KM-Futsal aldersbestemt
I helga vart det arrangert kvalik til KM-Futsal aldersbestemt rundt omkring i fylket, der Vikane Fotball (laurdag) og Stryn Fotball (søndag) var vertskap for turneringa i Nordfjord.

Arrangementsgruppa i Stryn Fotball gjorde ein strålande jobb og arrangerte eit prikkfritt arrangement i Stryn på søndag!

Til saman er 6 lag frå Stryn Fotball kvalifisert til KM sluttspelet som skal gå i Trivselshagen på Sandane 29.februar og 1.mars. Stryn er kvalifisert i klassane J13, J14, J15, J19, G13 og G16.


Stryn sitt G16-lag (Foto: Stryn Fotball)

Stryn Fotball vil gjerne få takke alle som bidrog til at det vart ein flott fotballdag i Strynehallen på søndag: Arrangementsgruppa, spelarar, trenarar, dommarar, publikum, spelarar frå herre- og damelaga våre og alle som leverte mat til kiosken vår og frivillige som stilte på dugnad!