Strålande innsats under KM-Futsal aldersbestemt
4 medaljar til Stryn Fotball i helga! 

I helga vart det arrangert KM-Futsal for aldersbestemt fotball i Trivselshagen på Sandane. Stryn Fotball markerte seg også i år godt i medaljekampen med 2 gull, 1 sølv og 1 bronse. Slik gjekk det med Strynelaga i turneringa:

Jenter 13 år: Stryn opna med uavgjort (0-0) mot Førde 2, deretter fulgte tap for Sogndal (0-2) og Hafslo (1-3) før Gaular vart slått med 1-0 i siste kamp. Jentene endte dermed på 4 plass i gruppa med 4 poeng. Sogndal og Førde 2 gjekk vidare til semifinaler og Sogndal endte til slutt opp som kretsmeistrar i klassa med finalesiger over Syril. 

Gutar 13 år: Gutane starta forrykande med storsigrar over Bjørn (5-0) og Dale (6-0). Deretter vart det tap (0-2) for Førde 1 før det igjen vart siger (4-0) over Måløy i siste kamp. Dermed 9 poeng og gruppesiger til Stryn og semifinale mot Førde 2. Dette endte med 2-1 siger og finale mot Førde 1. Igjen vart sunnfjordingane for sterke og det endte med 1-3 tap i finalen og sølvmedalje! 

Jenter 14 år: Her vart det tap (1-2) i opningskampen mot Gaular. Ein uavgjort (1-1) mot Førde 2 og siger (2-1) mot Jotun sikra jentene våre 4 poeng og den litt småsure tredjeplassen i gruppa.  Jotun og Gaular gjekk vidare til semifinalen og Gaular tapte til slutt finalen for Syril.

Jenter 15 år: Stryn gjorde reint bord i gruppespelet med sigrar over Syril (2-1), Jotun (2-0) og Førde 1 (1-0). Dermed gruppesiger og semifinale mot Heia. Denne endte med 3-0 siger og Stryn var klar for finale mot Sogndal. Her vart det storsiger 7-1 og KM-tittel til strynejentene!


Foto: privat

Gutar 16 år: Her opna gutane med to strake sigrar over Syril (3-1) og Førde 2 (2-1). I siste gruppespelskamp vart det uavgjort (0-0) mot Kaupanger noko som holdt til gruppesiger. I semifinalen vart det siger (4-2) over Vik og finalen endte med ny 4-2 siger over Førde 1 og dermed KM-tittel!

Jenter 19 år: I den eldste jenteklassa var det 6 lag kvalifisert til sluttspelet og det vart difor spelt som 1 gruppe. Stryn opna med tap (2-4) for Sandane som seinare vann KM-tittelen på betre målforskjell enn Førde. Deretter vart det sigrar over Tamberskjelvar (2-0) og Førde (1-0) før lokaloppgjeret mot Eid endte mållaust. Jentene avslutta med stil og slo Dale 9-0 i siste kamp. Dette holdt til 3.plass og bronsemedalje!

I klassane Gutar 14, Gutar 15, Jenter 16 og Gutar 19 var ikkje Stryn kvalifisert. Vinnarane i desse klassane vart: Sogndal (G14), Tambarskjelvar (G15), Vik (J16) og Vik (G19). Stryn Fotball gratulerer våre lag med god innsats og sterke resultat! Vi takkar også Sandane Fotball og NFF Sogn og Fjordane for vel gjennomført arrangement!