Proffveka er i gang for fullt 
Måndag starta den 11. utgåva av Proffveka i Stryn. 90 gutar og jenter frå heile NFF Sogn og Fjordane møtes i Stryn for ei veke med treningar, kampar og fagleg teoretisk input i lag med dyktige instruktørar! Etter innsjekking og ei lita kveldsøkt på treningsfeltet måndag kveld, er deltakarane no godt i gong med dag 2.

Proffveke-general Johann Sigurdsson har saman med ei meget rutinert arbeidsgruppe, også i år laga eit spennande program for deltakarane. Det har alltid vorte lagt stor vekt på den sosiale delen av opphaldet, og sjølv om situasjonen rundt Covid-19 legg litt føringar for dette blir det sjølvsagt også i år andre aktivitetar enn fotball for deltakarane. Mellom anna blir det tur til Hydlaparken for mat og klatring onsdag ettermiddag.

Vi ynskjer deltakarar og instruktørar lukke til med ei lærerik og kjekk veke med mykje fotball!