Kampar på Stryn Stadion veke 34
Her er ein oversikt over kva kampar som går på Stryn Stadion denne veka.

Denne veka startar vi endeleg opp med fotballkampar for aldersbestemt fotball! NFF har i samråd med FHI og myndighetene laga retningslinjer som klubbane skal følge for å ivareta smittevern i samband med situasjonen rundt Covid-19. Det er derfor viktig at du som publikum, enten det er på kamp med J9 år eller G15/17, føl dei instruksjonane som Kampverten gjev. 

Kampverten vil ha gul vest på seg og vil vere lett gjenkjenneleg. Ein av oppgåvene til Kampverten er å føre liste med namn og kontaktinfo (tlfnr) til alle som ser på kampen. Dette fordi ein lettare skal kunne jobbe med smittesporing ved eventuelle tilfeller av Koronasmitte i Stryn. Så dersom nokon med gul kamp-vert vest kjem og ynskjer å notere namnet og tlfnr ditt på ei liste, er dette i henhold til retningslinjer frå NFF og Stryn Fotball. Publikum vil også ha tildelt eige område ved bana, følg derfor instruksjonen til kampverten om dette. Hugs også på 1-meter regelen.

Vi ynskjer alle lukke til med sesongen og kos dåkke med god aldersbestemt fotball i haust!

Kampar veke 34:
Måndag 17.august:
18.00 J11 Stryn - Sandane  (Nyebana - dvs bana nærmast sentrum)

Tysdag 18.august:
19.00  J13/14 Stryn 2 - Jølster (Stryn Stadion)

Onsdag 19.august:
18.00 G11 Stryn 2 - Eid 1  (Stryn Stadion )
18.00 G11 Stryn 3 - Svelgen  (Nyebana)
18.00 J10 Stryn 2 - Sandane (Nyebana)

Torsdag 20.august:
18.00 J12 Stryn - Breimsbygda  (Stryn Stadion)
18.00 G12 Stryn 1 - Breimsbygda (Nyebana)

Vel møtt!