Finalehelga vart avslutta med KM-tittel til J20
Stryn J20 sikra KM-tittelen etter heimesiger mot Sogndal søndag!

Tre strynelag spelte denne helga viktige kampar om KM-tittelen, og søndag ettermiddag kunne Stryn J20 sleppe jubelen laust etter at pokalen var sikra. Kaupanger og Stryn hadde begge 7 poeng på toppen av tabellen før helga men sogningane hadde 3 plussmål meir enn Stryn. 

Det var dermed duka for ein skikkeleg thrilleravslutning der Stryn møtte Sogndal på heimebana medan Kaupanger spelte borte mot Førde. Her kunne kvar einaste scoring telle og Stryn gjorde sin del av jobben med ein sterk 13-0 siger over Sogndal. Når resultatet i Førde enda med heimesiger 3-1 var det ikkje lenger tvil og jentene kunne toppe ein meget god sesong med ein velfortent KM-tittel!

To andre strynelag var i aksjon laurdag. G15/17 tok turen til Høyanger og KM-semifinale i den eldste guteklassa. Etter ein målrik affære var det til slutt heimelaget som vann 6-3 og er klar for finale mot Sogndal. 

G13/14 spelte også avgjerande kamp om KM-tittelen laurdag. Med heimesiger mot Sogndal ville pokalen bli igjen i Stryn men Sogndal vart for sterke og vann til slutt 1-5 og vart med det kretsmeistrar. 

Stryn Fotball gratulerer laga med strålande innsats sesongen 2020!