Fair Play i fokus når Stryn slo Skavøypoll 5-2 i Kretsligaen fredag
Mads Wie bomma på straffe med vilje!

Stryn tok ein oppskriftsmessig siger på heimebane, men det var straffebommen til Mads alle snakka om etter kampen. Men Skavøypoll leie 2-1 til pause etter at Vegard Hopland hadde gjett Stryn leiinga tidleg i kampen. Espen Sandal og Børge Yndestad snudde imidlertid kampen for gjestane slik at stillinga til pause var 1-2.

Jon-Terje Tjellaug utlikna til 2-2 eit kvarter ut i andre omgong, før Mads Wie scora 3 mål og sørga for 3 viktige heimepoeng. Mot slutten av kampen fekk Stryn tildelt straffespark, i ein situasjon der borteforsvararen misforstod ei dommaravblåsing og tok ballen med henda. Kretsligaen sin toppscorar, Mads Wie, sende ballen med vilje 4 meter til sides for mål. Fair Play i praksis!

Stryn vinn konfortabelt og toppar igjen Kretsligaen før Sogndal 2 møter Årdal på måndag.