Juniorane til Stryn i storform
Stryn slo Sogndal med kalas-siffer både i J20 og G20 seriane denne helga!

Både J20 og G20 laga til Stryn møtte Sogndal på heimebane i helga, og begge kampane endte med storsiger til Stryn. 

Jentene starta ballet på fredag kveld med 10-0 over gjestane frå sogn. Emma Dorthea Lødemel opna scoringsshowet allereie etter 2 min og så gjekk det slag i slag. Hermine Kjøsnes teikna seg for 3 scoringar, Kaisa Wemby og Emma Lødemel for 2 medan Olivia Wemby, Hege-Renate Glosvik Espeland og Sofie Njøten scora eit mål kvar. 

Stryn toppar tabellen i avdeling 2 med 12 poeng og full pott, foran Kaupanger på andreplass med 4 poeng på 3 kampar. 

Laurdag var det gutane sin tur. Dei ville ikkje være noko dårlegare enn jentene og stoppa ikkje før det stod 12-0 på måltavla. Sigurd Fotland Fænn scora 1-0 etter 6 min og deretter fulgte Sondre Holmlund Ørjasæter (3), Johannes Konstali-Lødemel (2), Sondre Erdal (2), Håvard Kroken (1), Rasmus Skåre Tjellaug (1), Stian Gjengedal Olsbø (1) og Sigurd Fænn med eit til slik at det til slutt var dusinet fullt. 

Også i gutane si avdeling 2 toppar Stryn med 12 poeng og full pott etter 4 kampar med Eid på andre plass med 6 poeng.