Damelaget med strålande sesongstart
Stryn med to sterke 4-0 sigrar og 6 poeng etter to kampar i 3.div damer!
Damelaget vårt er allereie godt i gang med sesongen og står med full pott og 8-0 i målforskjell etter at to kampar er spelt. 

Forrige fredag var det sesongopning på heimebane mot Sandane. Etter å ha dominert den kampen frå start til mål stod det til slutt 4-0 til heimelaget etter scoringar av Mariell Taraldset, Hege-Renate Glosvik Espeland og Karoline Flo (2).

I går var det duka for ny kamp, denne gongen borte mot Tornado Måløy. Heller ikkje laget frå kystbyen kunne stoppe strynedamene, og også her endte det 4-0 til Stryn. Målscorarar vart denne gongen Mariell Taraldset (2), Saeideh Tajik og Kaisa Vollsnes Wemby.

Stryn ligg no på andreplass i 3.div med 6 poeng, eit poeng bak Studentspretten som også har ein kamp meir spelt.