Kretsligaen: Dale - Stryn 1-2
Sterk bortesiger for Stryn i Kretsligaen laurdag!

Det var duka for toppkamp på Dingemoen i Dale laurdag ettermiddag, både Dale og Stryn var ubesigra etter 3 rundar i årets Kretsliga.

Det stod 0-0 til pause etter ein jamnspelt første omgong, like etter sidebytte tok heimelaget leiing ved Tommy Andre Holm. Utover i omgongen viste Stryn seg som det beste laget og pressa på for utlikning.

Knallhard jobbing lønnar seg ofte og 7 min før slutt får Stryn uttelling då Tanel set eit frispark direkte i mål frå ca 20 meter. Men bortelaget er ikkje fornøgd med kun 1 poeng, og pressar vidare for sigersmålet. Og goalgetter Mads, som omtrent ikkje treng målsjansar eingong for å score, fornekter seg ikkje denne gongen heller. Med to minutt igjen av ordinær tid set han ballen i mål frå kloss hald og Stryn reiser heim med 3 viktige og fortente poeng.

Neste kamp er lokaloppgjer heime mot Eid på 16.mai! Vi oppfordrar flest mogleg til å ta turen til stadion på denne folkefesten!  Kampstart er kl 19.00 på tirsdag 16.mai.