3.div damer: Stryn - Kaupanger 2  1-3
Stryn tapte 1-3 for Kaupanger 2 måndag kveld! 

Damelaget gjekk på sitt første tap for sesongen når Kaupanger 2 gjesta Stryn Stadion i går. I ein jamnspelt første omgong tok gjestane leiinga midtvegs ved Kristi Fondenes Vangsnes etter ein corner. Stryn utlikna ca 10 min før pause etter eit langskot i tverrligger og inn ved Ragnhild Seljeset. 

Andre omgong starta med eit stort press frå Kaupanger. Marthe Gangsøy Sjøvoll gav sogningane 2-1 leiing tidleg i omgongen, og i tillegg til scoringa hadde dei også to avslutningar i stolpane.

Stryn jobba seg imidlertid inn i kampen igjen og pressa på for utlikning mot slutten av kampen. Eit par gode muligheter gav imidlertid ikkje teljande resultat og i staden kunne Kaupanger kontre inn 3-1 og sikre 3 poeng. 

Med denne sigeren inntok Kaupanger 2 tabelltoppen med full pott på 3 kampar, medan Stryn no ligg på 4.plass med 4 poeng. Fredag tar damene turen til Førde der dei møter Førde 2 som ligg nederst på tabellen med 0 poeng.